Laster Hendelser

« All Hendelser

The Foggy Five – Live på Bryggerhuset

november 10 @ 21:00 - 23:30

Lørdag 10.november får vi besøk av The Foggy Five.
Bandet består av :
Jørgen Aasland – Vokal, gitar, fløyte, munnspill.
Hans Egil Løe Abelsnes – Vokal, gitar, mandolin.
Jonny Engelsvoll – Trekkspill, vokal, fløyte.
Øyvind Lende – Bass.
Arne Andersen – Slagverk, bodhran.

The Foggy Five blei danna 17 mars 2016, på sjølvaste St Patrick`s day. Bandet etablerte seg raskt som ein livefavoritt på pubane rundt på Jæren og toktene blei utvida både til epleslang i Hardanger og strandhogg langs sørlandskysten.

The Foggy Five spelar irsk og keltisk musikk med trøkk. Med medlemmar frå det nå nedlagte og smått legendariske klepp-irske bandet Sinclair & The Rovers, veit The Foggy Five kva for strenger som bør trykkast på for at lokalet skal få hælmerke i taket.

På Trommer og Bodran har me Arne Andersen, kjend frå nemnde The Rovers, Alabama Rodeo Stars og Tønes.
Kontrabassen vert spelt av Øyvind Lende som også spelar metallmusikk i bandet Savn.
Trekkspel og fløyter er det Jonny Engelsvoll som trakterer. Han er også pianist i band som Alabama Rodeo Stars, Skambankt og tidlegare nemnde Sinclair & The Rovers.
Hans Egil Løe Abelsnes var også innom The Rovers. Han spelar i tillegg piggtrådgitar i Skambankt. Her derimot er det mest mandolin og vokal det går i.
Frå Aaslandbros har me kapra sjølvaste Jørgen Aasland på gitar, fløyte, og ikkje minst song. Vi gleder oss

Link til Facebookside Foggy Five :

Billetter Her :

 

Detaljer

Dato:
november 10
Tid
21:00 - 23:30